Velg en side

Andre aktivitetar

Aktivitetar i nærområdet

Med si beliggenheit sentralt på Sunnmøre er muligheitene for aktivitetar mangslungne. Dersom du har sans for fiske i sjø og fjellvatn har du kome til rett område. I fjorden like ved er det rike fiskeforekomstar heile året og ein tur til eit nærliggande fjellvatn er å anbefale….eller havfiske frå større fiskebåtar, er ei oppleving du seint vil gløyme.

Har du derimot lyst til å ta ein gåtur i Sunnmørsalpane eller rusle ein kveldstur i fjørsteinane? Liset er framleis rette plassen for deg.

Med si sjarmerande beliggenheit er muligheitene for ein sykkeltur på ein idyllisk landeveg eller ein rotur på fjorden også til stades.

Ålesund, med si rike historie og spanande jugend-arkitektur er vel verdt eit besøk. Sunnmøre Museum og det nye akvariet, Atlanterhavsparken, vil være til glede for både liten og stor.

Vestkapp-senteret på Stadt, Geiranger eller Runde; Dagsturar, anten i eigen regi eller i meir organiserte former? Valet er ditt.

Det manglar ikkje på aktivitetar, men om du vil…kan du rett og slett slappe av i flotte omgjevnader på Liset Feriesenter.

Har du spørsmål?

​Vi har rask responstid og er alltid ​tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.

Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 915 94 445