Liset Feriesenter består av 5 store hytter på 65 kvm med høg standard i rolege omgjevnader like ved gode fiskeplassar. Stovene på Liset er velsigna med eit godt kjøken med spisekrok, bad med dusj, WC og badstu, 3 doble soverom og hems med plass til 2 personar. Kvar stove på Liset er fullt ustyrt til å kunne ta i mot 8 gjester – noko som også inkluderer mikrobølgeomn, oppvaskmaskin, vaskemaskin & tørketrommel i tillegg til fryseboks.

Stor stove med utgang til uteterasse og yppeleg utsikt på alle bueiningar. Der er også TV med parabolutstyr.
Hyggelege vedovnar (og golvvarme) er ein del av butilbudet på Liset. Alt dette og meir til for at gjestane på Liset Feriesenter skal kunne nyte opphaldet på best mogeleg måte.