Aktivitetar

Med si beliggenheit sentralt på Sunnmøre er muligheitene for aktivitetar mangslungne. Dersom du har sans for fiske i sjø og fjellvatn har du kome til rett område. I fjorden like ved er det rike fiskeforekomstar heile året og ein tur til eit nærliggande fjellvatn er å anbefale….eller havfiske frå større fiskebåtar, er ei oppleving du seint vil gløyme.

Har du derimot lyst til å ta ein gåtur i Sunnmørsalpane eller rusle ein kveldstur i fjørsteinane? Liset er framleis rette plassen for deg.

Med si sjarmerande beliggenheit er muligheitene for ein sykkeltur på ein idyllisk landeveg eller ein rotur på fjorden også til stades.

Ålesund, med si rike historie og spanande jugend-arkitektur er vel verdt eit besøk. Sunnmøre Museum og det nye akvariet, Atlanterhavsparken, vil være til glede for både liten og stor.

Vestkapp-senteret på Stadt, Geiranger eller Runde; Dagsturar, anten i eigen regi eller i meir organiserte former? valet er ditt.

Det manglar ikkje på aktivitetar, men om du vil…kan du rett og slett slappe av i flotte omgjevnader på Liset Feriesenter.

NO text1

Kontakt Information

Liset Feriesenter AS, 6082 Gursken

Telefon: (+47) 91594445

E-post: egilose@outlook.com

EN text1

Contact Information

Liset Feriesenter AS, 6082 Gursken
Phone: (+47) 91594445
E-mail: egilose@outlook.com

DE text1

Kontakt

Liset Feriesenter AS, 6082 Gursken

Telefon: (+47) 91594445

E-mail: egilose@outlook.com

NO text2

Booking/tilbakemelding

Fyll inn vårt kontaktskjema med den innformasjon du måtte ønske, og vi vil kome attende til deg så snart som mogleg.

EN text2

Booking/feedback

Fill in our contact form with your requests/concerns, and we will get back to you as soon as possible.

DE text2

Kontaktformular

Füllen Sie bitte das Formular aus und wir werden Ihnen baldmöglichst antworten.